I møtet la Statens vegvesen fram informasjon om planarbeidet, og Naustdal kommune orienterte om kva dei hadde gjort av vurderingar og arbeid så langt.

Det var godt frammøte, og planleggjarane fekk mange gode innspel og spørsmål frå bebuarar på begge sider av den planlagde tunnelen. Desse vil bli vurdert i det vidare planarbeidet, men det er ein stor fordel om merknader og blir sendt skriftleg til Statens vegvesen innan 20. oktober. Vi tek i mot alle typer innspel, og innspel og idear om løysingar. Spesielt viktig no er det å få innspel på om lag/organsiasjonar ønskjer å delta på arbeidet som i vinter skal gjerast med å fastleggje kva alternativ som skal utgreiiast.
Da bygging av tunnel og vil gje eit stort masseoverskot, er det fint om vi allereie no kan få innspel på gode plassar å deponere massar. Det er ønskjeleg å ha deponiområde tilgjengeleg både i Førde kommune og i Naustdal kommune.
Vedlagt er både Naustdal kommune og Statens vegvesen sin presentasjon frå møtet.