Forslaget til reguleringsplan er lagt ut til offentleg ettersyn av Statens vegvesen i samarbeid med Sogndal kommune. Målet med prosjektet er å stimulera til auka sykling i Sogndal sentrum og legga betre til rette for gåande.

- Gravensteinsgata er ein av dei viktigaste strekningane å tilretteleggja for mjuke trafikantar i Sogndal. Gata er sterkt trafikkert, og manglar eit godt tilbod for gåande og syklande. Å byggja sykkelveg med fortau er også eit av dei beste verkemidla me har for å få fleire til å gå og sykla, seier planleggingsleiar Åse-Birgitte Berstad i Statens vegvesen.

På nordsida

Den nye sykkelvegen med fortau skal byggjast på nordsida av vegen, og planområdet strekkjer seg frå skysstasjonen til rundkøyringa aust for Sogndal kulturhus. Det er planlagt at sykkelvegen skal vere 2,5 meter brei, med eitt felt i kvar retning. Ved sidan av kjem eit 2 meter breitt fortau for gåande.

Planen skal ligge ute i perioden 8. september til 20. oktober 2018. Planen er tilgjengeleg på nettsidene www.vegvesen.no/Riksveg/rv5gravensteinsgata og ligg også på kommunehuset i Sogndal. Målet er å få eit vedtak på planen i Sogndal kommunestyre i desember.

Ope møte 24. september

Statens vegvesen arrangerer ope møte for å informere meir om reguleringsplanen og svare på spørsmål måndag den 24. september kl. 18:00 på kommunehuset i Sogndal.

- Me ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan 20. oktober 2018, seier planleggingsleiar Åse-Birgitte Berstad.