Statens vegvesen har gjort avtale med Mesta Elektro AS om å utføre elektroinstallasjonar i Støylsnestunnelen. Kontrakt summen er på 11 millionar kroner og arbeidet startar opp i mai.

I tunnelen pågår det no arbeid med oppbygging av vegbane, legging av dreneringssystem og montering av plater som skal redusera inntrenging av vatn i tunnelen. Prosjektet er i rute for vegopning til hausten.