På austsida ved Lundevassenden er arbeidarane komne opp i mot 500 meter inn i fjellet. Ved Føreneset på vestsida er arbeidet godt i gang og der nærmar det seg 100 meter. Prognosane legg opp til gjennomslag før årsskiftet.