Dei ville og vakre fjellsidene i Kjøsnesfjorden i Jølster kommune er eit ynda fotomotiv om sommaren, men på vinteren blir dei til bratte rutsjebaner for snø- og steinskreda som kjem frå toppane.

Kjøsnestunnelen skal den heite

Det er gjort sikringstiltak i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for skred og skredfare. Ein lang tunnel vil vere den einaste måten å oppnå ein hundre prosent skredsikker veg på denne strekninga.

Løysinga er å forlenge den eksisterande Støylsnestunnelen med 6,5 kilometer. I alt blir den nye tunnelen, som skal heite Kjøsnestunnelen, 8,6 kilometer lang. Kommunen godkjente reguleringsplanen tidlegare denne hausten, og alt er no klart for å søke om midlar til oppstart i statsbudsjettet for 2017. 

Vinn-vinn

Tunnelplanane i Kjøsnesfjorden opnar for at to vegprosjekt på forskjellige stadie kan sjåast i samanheng. Litt lengre vest for Kjøsnesfjorden ligg kommunesenteret Skei. Her går E39 vidare til Førde, men den første mila har ein vegstandard som er svært dårleg. E39 mellom Bjørset og Skei er ein av dei verste flaskehalsane på europavegen mellom Bergen og Ålesund.
Neste sommar startar bygginga av ny og betre veg.

Ved å gjere eit tverrslag i Pevika i Kjøsnesfjorden, og drive ein kilometer tunnel kvar veg, sikrar prosjektet seg sårt tiltrengt steinmasse til bygginga av prosjektet E39 Bjørset-Skei.

Når tunnelplanane i Kjøsnesfjorden er klare til gjennomføring har dei då allereie eit par kilometer med ferdigdriven tunnel, og eit tverrslag som kan brukast som rømmingsveg eller til ventilasjon.

Fakta E39 Bjørset-Skei:

- E39 mellom Bjørset-Skei er smal og svingete fleire stader, og tilhøva er dårlege for mjuke trafikantar. Ny vegstrekning vil gje eit tydeleg standardløft for både køyrande, gåande og syklande

- Elleve kilometer veg skal fornyast, for å gi meir effektiv framkomst og betre trafikktryggleik, ikkje minst for gåande og syklande.

-  5,5 km av strekninga har gang- og sykkelveg.

- Fornyinga vil bety både innsparing i tid og auka køyrekomfort for trafikantane.