Framme f.v. prosjektsjef Øystein Birkeland i Hæhre Entreprenør AS og prosjektsjef i Statens vegvesen, Kjartan Hove. Framme f.v. prosjektsjef Øystein Birkeland i Hæhre Entreprenør AS og prosjektsjef i Statens vegvesen, Kjartan Hove.

I denne sidearmen av Jølstravatnet er det gjort sikringstiltak i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for skred og skredfare. Ein lang tunnel vil vere den einaste måten å oppnå ein hundre prosent skredsikker veg på denne strekninga.

Prosjektet det i dag var kontraktsignering på er ei forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen med 6,5 kilometer. I alt blir den nye tunnelen, som skal heite Kjøsnestunnelen, 8,6 kilometer lang. Kontrakta har ein verdi på 650 millionar kroner.

– Rett prosjekt til rett tid

For Hæhre Entreprenør AS kom dette prosjektet på rett tidspunkt. Dei er allereie i gang med bygginga av to tunnelar i Stryn, Blakset- og Flotunnelen, og har også oppgradering av Vadheimstunnelen på fv. 55.

- Vi er no i sluttfasen på eit stort kraftanlegg på Helgeland, så det passa veldig godt med denne jobben. Det er heller ingen ulempe for oss å samle styrkene i samme område. Vi ser at det er nokre fellesfunksjonar som kan dra vekslar på kvarandre, seier prosjektsjef Øystein Birkeland.

Tunnelprosjektet i Kjøsnesfjorden er ei totalentreprise, det betyr at entreprenøren både skal prosjektere og bygge tunnelane. Konsulentfirmaet Multiconsult er henta inn av Hæhre til å prosjektere tunnelen, medan Traftec skal ha ansvar for å etablere det tekniske anlegget. Sjølve tunneldrivinga vil Hæhre utføre i eigen regi, men dei vil nok hyre inn underentreprenørar til å ta seg av massetransport av stein til deponi.

Deponiområda som er sett av er på Kjøsnes, Klakegg og på Fossheim. I prosjektet ligg også bygginga av 200 meter gang- og sykkelveg langs E39 frå krysset til Stardalen og nordover.

Stengingar frå november

Dei neste to-tre vekene går entreprenørfirmaet inn i ein samhandlingsfase med Statens vegvesen. Når dette er ferdig går dei ganske raskt i gang med å rigge seg for tunneldriving.

Den første tida vil det bli tunneldrift frå tverrslaget i Pevika, der det allereie er drive tre kilometer tunnel for å skaffe stein til E39 Bjørset-Skei.  I november startar arbeidet med forskjæringa på Kjøsnes, og det vil då bli nokre korte stengingar i samband med sprenging. Dei lange stengingane blir først i 2020, når den nye tunnelen skal koplast på Støylsnestunnelen.

Framme f.v. prosjektsjef Øystein Birkeland i Hæhre Entreprenør AS og prosjektsjef i Statens vegvesen, Kjartan Hove. Bak f.v.: Prosjektleiar Hæhre, Jan Lima; anleggsleiar Hæhre, Ole Jakob Gjetrang; byggeleiar SVV, Sverre Kjos-Wenjum og prosjektleiar SVV, Svein-Reidar Dale. Framme f.v. prosjektsjef Øystein Birkeland i Hæhre Entreprenør AS og prosjektsjef i Statens vegvesen, Kjartan Hove. Bak f.v.: Prosjektleiar Hæhre, Jan Lima; anleggsleiar Hæhre, Ole Jakob Gjetrang; byggeleiar SVV, Sverre Kjos-Wenjum og prosjektleiar SVV, Svein-Reidar Dale.