– Det er mange som har drøymt om denne dagen! Mange har måtta engsta seg her i Kjøsnesfjorden opp gjennom tidene. No er ny og trygg veg på plass og ei ny tid kan starta – både for folk og næringsliv. Det fortener de!

Dette sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa under den offisielle vegopninga. Samtidig rosa ho det lokale engasjementet og poengterte at rassikring er viktig for velferda og at Regjeringa legg opp til i mange nye rassikringsprosjekt dei neste ti åra.

Tidlegare samferdsleministar, no kommunal- og regionalministar, Liv Signe Navarsete og regionvegsjef Olav Ellevset rosa òg samarbeidet med lokale aktørar. Både Jølster kommune og den lokale rassikringsgruppa har vore særs viktige pådrivarar for å få bygd Støylsnestunnelen.

Mange bidrag

Vegopninga bar preg av at mange var med og bidrog til at det vart ein minneverdig vegfest. Eit variert program med lokal forankring, varma dei mange frammøtte. Jølster musikklag, det lokale Skeivasskoret, Synnøve Bjørset, Christina Knudsen og Olav Stedje underheldt alle medan publikum venta på at Kong Harald skulle komme.

I tillegg intervjua programvert Finn Tokvam sentrale aktørar på scena. Han snakka òg med personar som på ulike måtar har vorte ramma av ras i Kjøsnesfjorden.

Under den offisielle delen av programmet vart det vist ein rassvideo som viser korleis det kan vere å leve i slike rasutsette område. Videoen vart i si tid laga på bestilling frå aksjonsgruppa for rassikring av rv.5 i Kjøsnesfjorden. Den var eit ledd i det å få realisert rassikringsprosjektet. Filmen er ei redigert utgåve av Nrk sine reportasjar om rasulukker i Kjøsnesfjorden i nyare tid. Rassvideoen er lagt ut med eigen link på vegvesen.no.

Eit høgdepunkt i programmet var då nesten hundre barnehageborn sjarmerte alle frammøtte med å synge Tunnelvisa til Knudsen og Ludvigsen.

Festlunsj

H.M. Kong Harald kutta snora som planlagt litt over kl. 11.30. Etter den påfølgjande kortesja gjennom tunnelen reiste dei innbedne gjestene for å delta på ein festlunsj saman med Kongen.

Sjå bilder tekne under opninga: