Planprogrammet er tilgjengeleg

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned"
  • og ligg óg i papirformat på rådhuset på Skei

Målet med planen er å skredsikre rv. 5 mellom Lunde og Kjøsnes ved forlenging av Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes.

Ope møte og kontordag

Statens vegvesen arrangerer eit ope møte 13. august kl. 1930 på Skei Hotel og ein kontordag på rådhuset på Skei 14. august for å informere meir om planarbeidet og svare på spørsmål.

Merknader

Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til planprogrammet skriftleg innan 27. august 2014. Send merknadene til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Bente Øyre, tlf. 57 65 57 54, eller e-post bente.oyre@vegvesen.no

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-9. Planen blir utarbeidd etter § 12-3 og § 3-7.