Prosjektet kan dermed lysast ut i august, og arbeidet kan starte opp seint i haust.
-Dette er svært gledeleg, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.
Vegdirektoratet mottok tysdag stadfestinga frå samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på at løysinga med nettverksbogebru skal setjast ut i livet, og ein slepp dermed nye rundar med prosjektering av betongplatebru.

Anbod etter sommaren

Departementet ser at dagens bru ikkje er tilfredstillande for gåande og syklande, og det er difor uheldig med ytterlegare utsetjing av brua.

Anbodskonkurransen vil pågå i perioden august/september, og det er forventa anbodsopning i siste del av september.

Då kan entreprenør vere klar til å starte mot slutten av året.