- Resultat etter prøvepelinga førte til at vi måtte gjere endringar på fundamenteringa. Dette medfører nokre ekstra rundar på brua som ikkje var planlagt -  men som er nødvendige for å finne ei god løysing. Prosjekteringa tar difor lengre tid enn me først hadde tenkt, seier prosjektleiar Tone Oppedal i Statens vegvesen.

Planen var opphaveleg å ha klart konkurransegrunnlaget i juni – no er målet å få det klart i september.

Prosessen med tilbodskonkurranse og kontraktsignering med valt entreprenør vil vare fram mot årsskiftet, og arbeidene med bruprosjektet i Sogndal kan truleg starte i byrjinga av 2015.