Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

24. august vart Loftesnesbrui i Sogndal offisielt opna.

- Eg vil særleg rette ein takk til dykk som i over to år har bygd Loftesnesbrui. Statens vegvesen har fått prosjektet i land på ein god måte, i godt samarbeid med lokale myndigheiter. I år er det 60 år sida den gamle brua stod ferdig. Nye brua vil de ha glede av i mange tiår - kanskje i hundre år. Gratulerar med dagen alle saman, sa statssekretær Brage Baklien før han klypte snora på den nye Loftesnesbrui i Sogndal. Brua vart teken i bruk før jul, og i perioden fram til offisiell opning har det mellom anna pågått riving av gamal bru, bygging av siste del av ny bru, klargjering, pynting og beplantning av friområder på begge sider av sundet.

Brua vart opna som del av ein stor festhelg i Sogndal. Same dag vart nemleg ny fabrikk for saft- og syltetøyprodusenten Lerum opna og det var snorklypping på kommunen kommunen sin fjordsti som ein forlenging av seremonien på brua. Den 194 meter lange nettverksbogebrua med sidespenn har alt gjort seg bemerka internasjonalt, som ein av fire finalistar i klassen i "European Steel Bridge Awards" som skal delast ut i Praha i september.

Nominasjonen tok mellom anna regionvegsjef Helge Eidsnes opp i sin tale, der han trakk linjene frå den første fast tilsette ferjemannen som rodde over sundet i 1875 fram til dagens breie og moderne bru.

- Det har vore 2,5 år med bygging. Det har vore periodar med styrt trafikkavvikling og omlegging av trafikk. Spesielt under pælearbeidet har det nok vore ein del støy for dykk som bur og jobbar i området her. Eg vil få takka innbyggjarar og vegfarande så mykje for tolmodet de har vist, sa regionvegsjefen.

Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal takka alle som bidrog for å få brua bygd, då det ein stund så usikkert ut då kostnadene auka og det vart trong for ekstrabevilgningar.

- Den nye brua legg til rette for at fleire kan gå og sykle. Brua er både eit miljøtiltak og eit folkehelsetiltak. Nye Loftesnesbrui er eit smykke, med flotte parkområder på begge sider. Det er eit bevis på at ein bru ikkje berre er ein bru. Brua og heile området forskjønar innkøyringa til Sogndal, sa ein tydeleg stolt ordførar.

Arbeidet med den nye Loftesnesbrui starta opp i slutten av 2015. I tillegg til brua på 194 meter, er det laga ny gang- og sykkelveg, rundkøyring, nytt kryss, tre universelt utforma busslommer, støyskjerm og friluftsområde på Loftesnes. Totalkostnaden på prosjektet er 414 millionar (2017) kroner.

Aktuelt for fylke(r): Vestland