Statens vegvesen fekk for få dagar sidan svar frå Samferdselsdepartementet på auka finansiering på Loftesnesbrui i Sogndal.

Kostnadsramme frå Stortinget for ny Loftesnesbru er på 274 millionar kroner. Men då ferdig prosjektert løysing kom på 320 millionar 2015-kronar, ei auke på 17 prosent, måtte prosjektet inn for ny vurdering i Vegdirektoratet og departementet.

– I brevet vart me bedne om å sjå på bruløysing på nytt. Me må prosjektere ei betongplatebru, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i  vegavdeling Sogn og Fjordane.

Tre alternativ

Det låg tre alternativ i reguleringsplanen. Stålbogebru vart forkasta då den mellom anna var vanskeleg å forankre i lausmassene i Loftesnessundet. Ein gjekk vidare med ein nettverksbogebru som no er nær ferdig prosjektert og kunne gått til anbod i juni. Men den var altså for dyr.

Betongplatebru til om lag 225 millionar var tredje alternativ, men den har ikkje vore å føretrekkja, då det heile tida har vore lagt stor vekt på estetikk og arkitektur i prosjektet, med brua som eit sentralt landemerke i Sogndal.

Eitt år

– Prosjektering av betongplatebru vil bety at det vil gå enno eitt år før me kan få prosjektet ut på an bod, seier Slinde.
Sogndal kommune vart informert om svaret frå departementet så snart det låg føre, og vegvesenet og kommunen gjekk i lag ut nyheita tysdag.

Ordførar Jarle Aarvoll uttalte då at kommunen ikkje ynskjer ei betongplatebru som erstatning for nettverksbogebruen.

– Ei nettverksbogebru stettar krava til estetikk og arkitektur. Ei betongplatebru gjer ikkje det, sa Aarvoll til media under presseorienteringa.

Saka skal no til politisk handsaming i Samferdselsdepartementet.