Når den siste av dei 28 pelane som dannar dei to fundamenta ute i fjorden er slått ned, er grunnstrukturen som skal bere den nye brua lagt. På land er fundament til landkar støypt på begge sider, og det pågår no armering og forskaling på sida mot Sogndal, før sjølve landkaret skal støypast i ein stor operasjon.

- Pelearbeidet har vore meir utfordrande enn venta, grunna vanskelege grunnforhold i Loftesnessundet. Me måtte vere forsiktige for ikkje å forstyrre gamlebrua for mykje. Dette gjer at sjølve pelinga har teke meir tid enn forutsett, men me meiner dette er muleg å hente inn att, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken på rv. 5 Loftesnesbrui.

Kompenserte

Før peling på sida inn mot Sogndal, vart ein betongbjelke støypt inn i brua. Slik kunne ein kompensere for rørslene i fjordbotn då pelane inn mot gamlebrua vart slått ned, ved hjelp av jekkar og nye lager som vart sett inn mellom bru og fundament.

Solbakken seier at det har vore jamn framdrift på rv. 5 Loftesnesbrui sidan oppstarten i vinter, og det norsk-austerrikske arbeidsfellesskapet har fått spanande oppgåver å bryne seg på.

- Entreprenør Porr Aurstad ANS har gjort ein god jobb på mange hold i prosjektet, og tekniske utfordringar har vore løyste etter kvart som dei har oppstått, seier Solbakken.

Fylt ut 50.000

Sjølve fyllingsarbeidet gjekk etter planen, og 40.000 kubikkmeter med masse er lagt ut på Loftesnes-sida og 10.000 kubikkmeter på Sogndal-sida. Det tilsvarar om lag 5000 fulle lastebilar med stein.

Stålarbeidet på nye Loftesnesbrui føregår i Polen, og der er delar av brua no i ferd med å bli sveist saman til større modular.

- Den nye brua byrjar å ta form i Polen, og ein ser korleis sidespenna og sjølve bruboga vil bli sjåande ut. No skal dei etter kvart byrje med overflatebehandling av modulane, seier Solbakken, som sjølv var i Polen for å sjå på stålarbeidet rett før sommarferien.

Kjem frå Polen

Brua vert seint i haust frakta sjøvegen til Sogndal, og ho kjem i tre seksjonar der dei to tyngste veg over 400 tonn kvar. Bruseksjonane skal heisast på plass ved hjelp av ein stor kran på lekter. Deretter vil arbeidet med å klargjere brua starta.

- Det blir som eit hus som har fått opp reisverket, men mykje arbeid står att før ein kan flytta inn. Bruseksjonane skal først sveisast saman, så skal ein armere, forskale og støype dekke på brua i fleire etappar og asfalt og rekkverk skal på, seier Solbakken.

Ferdig i 2018

Etter planen skal trafikken over på ny bru i november 2017, og heile prosjektet, inklusive riving av gamlebrua, skal vere gjennomført til sommaren 2018.

- Folk i Sogndal har vore veldig tolmodige medan arbeidet har pågått. Dei har takla nytt trafikkmønster og støy frå anleggsarbeid og peling. Frå vår side, har me prøvd å vere i forkant med informasjon om kva som skal skje, mellom anna ved å bruke Facebook-sida vår som ein nyttig informasjonskanal der me møter folk i Sogndal og områda rundt, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.