- Førre veke gjekk me igjennom status på prosjekteringa av Loftesnesbrui saman med Vegdirektoratet sin bruseksjon. Grunnforholda i sundet er utfordrande, og det er krevjande å fundamentera i så mykje lausmassar. Me er difor i gang med nye rundar mellom Vegdirektoratet og prosjekteringsgruppa for å justera fundamenta, og me håpar på å nå ei snarleg løysing, slik at konstruksjonen blir godkjent for bygging, seier prosjektleiar Tone Oppedal i Statens vegvesen.

Utfordrande

Stålbogebrua som skal byggjast i Sogndal er ein utfordrande og vanskeleg konstruksjon å fundamentera. Store kreftar skal overførast til bakken, og hadde det vore kort veg til fast fjell, ville det ha vore enkelt å løysa. Korleis kreftene vil forplante seg ned i lausmassar, pelar og støypte fundament, krev derimot mykje finrekning og vurdering frå fagekspertisen.

- Det er utan tvil ein nøtt som må knekkjast, men me har god tru på å finne løysinga. Konsekvensen er samstundes at me får ei ny utsetting på fleire månader før me kan lysa ut arbeidet, seier byggjeleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Justeringar

Resultat etter prøvepelinga i vinter førte til at Vegvesenet måtte gjere om på opphavleg plan for fundamentering av brua. Den store fyllinga under eine fundamentet på vestsida av sundet måtte endrast, og talet pelar justerast.

Etter ny framdriftsplan vil tilbodsgrunnlaget for bruprosjektet kunne gå ut mot slutten av året, og arbeidet kan truleg starte opp vår/sommar 2015.