- Prøvepelinga er ein del av prosjekteringsarbeidet til nye Loftesnesbrui. Arbeidet inngår i Norconsult sitt forarbeid, for å sjekke stabiliteten til fundamenta til gamlebrua og kartleggje risting frå pelearbeidet. Tre pelar skal slås ned gjennom lausmassane på fjordbotn, til dei har kome 45 meter ned. Pelane vil inngå i fundamenteringa til nye brua, og resten av pelinga skal utførast i samband med bygging av  brua, av entreprenør som får kontrakten, seier prosjektleiar Tone Oppedal.

Måler risting

Onsdag denne veka plasserte mannskaper frå Fundamentering AS den første pelen ned i Loftesnessundet. I løpet av ettermiddagen vart seksjon to sveist på, og pelen slått ned i løpet av kvelden og morgonen. Folk i Sogndal er varsla om at prøvepelinga vil gå føre seg i tidsrommet 07.00 til 20.00, og at ein må rekne med støy når pelane vert dunka ned i sundet.

Stålrøyrspelene som blir nytta er på ein meter i diameter. Kvar seksjon har ein lengde på 15 meter og ein vekt på 7,4 tonn, og fire seksjonar vert sveiste saman på kvar av dei tre pelane, til ein samla lengde på 60 meter. Under slåing av pelar registrerer sensorar på brua risting, og eventuelle rørsler blir overvaka med landmålingsutstyr frå land.

Ny bru i 2016

Konkurransegrunnlaget til nye Loftesnesbrui skal etter planen ut i mai, og planlagt oppstart av byggeprosjektet blir i haust. Ny bru skal stå ferdig sommaren 2016.

I midten av november hadde Statens vegvesen informasjonsmøte om nye Loftesnesbrui på Sogndal folkehøgskule. Rundt 40 personar møtte opp, blant dei sogndalsordførar Jarle Aarvoll og fleire naboar til bruprosjektet.

- Stemninga på møtet var positiv, og det var tydeleg at brua er eit ynskt prosjekt, og at folk set pris på at det kjem. Me fekk fleire tilbakemeldingar me vil ta med oss i det vidare arbeidet. Mange av spørsmåla frå salen gjekk på ting som utsjånad, når dei forskjellege arbeidsoperasjonane skjer og innspel til utforming av området. I tillegg lurte nokre på om breidda på sundet vil bli påverka, seier Tone Oppedal.

Fullfinansiert

Nye Loftesnesbrui blir ein stålbogebru på 194 meter, og rundt 1200 tonn stål vil gå med i hovuddelen av brua. Prosjektet er fullfinansiert med ein anslått kostnad på 264 millionar 2014-kroner. 76 millionar er budsjettert til prosjektet i oppstartsåret 2014.

Gamle Loftesnesbrui frå 1958 er smal, bratt og stettar ikkje dagens krav til framkomst for gåande og syklande. Nye brua blir 13,3 meter brei, nesten dobbelt så brei som eksisterande bru. Ved sida av køyrebana blir det separat gang- og sykkelveg. På Sogndals-sida knyter ei rundkøyring brua saman med fv 55 mot Luster/Sognefjellet og rv 5 mot Sogndal/Skei. Fjordstien som Sogndal kommune skal byggje gjennom sentrum vil bli vidareført under brua og inn over Nestangen.

Nye brua skal byggjast medan trafikken går på gamlebrua, og på Sogndalssida er det kort avstand mellom gamle og nye brua.

- Trafikkavviklinga blir ei utfordring, fordi nye brua kjem så tett inn på den gamle brua, spesielt på Sogndalssida. I tillegg skal krysset byggjast om til rundkøyring utan at me hindrar trafikantane unødig, seier Oppedal.