- Me er glade for at me no er klare til å starte bygginga, etter ein lang prosess med planlegging og prosjektering. No ser me fram til eit godt samarbeid med arbeidsfellesskapet PORR/K. A. Aurstad frå dag ein. Mellom anna er me opptekne av at HMS vert ivareteke i byggjeperioden og at me får ein god kommunikasjon, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Kontrakten med den austeriske entreprenøren PORR (tidlegare Bilfinger Infrastructure) og K. A. Aurstad frå Sunnmøre vart underteikna på regionvegkontoret på Leikanger den 11. i 11. klokka 11.11.

- Spanande prosjekt

- Det er eit spanande prosjekt, og me er godt førebudde til å løyse det. Prosjektet ligg i eit sentrumsområde med mykje trafikk, og me vil gjere vårt ytterste for at samfunnet får minst muleg problem i byggeperioden, seier direktør Jakub Chojnacki i PORR.

- Brua skal også vere eit nytt landemerke i Sogndal, og me håpar at brua i tillegg vil stå som eit landemerke for eit godt samarbeidsprosjekt når den står ferdig, seier utviklingsdirektør Bettina Gerti Gross i PORR-Norge.

Deler oppgåver

Medan PORR skal stå for sjølve brubygginga, vil K. A. Aurstad stå for masseforflytting og det meste av vegbygginga på land.

- Det er eit spanande prosjekt, og me ser fram til å ta fatt på samarbeidet med eit firma som er nytt for oss. Me har gode erfaringar med å jobbe i arbeidsfellesskap frå før av, og me har stor tru på at prosjektet vil bli ein suksess, seier administrerande direktør Per Kristian Langlo i K. A. Aurstad AS.