- Monteringa av stålet var ein viktig milepel i prosjektet, og no er me glade og letta for at bruseksjonane er heiste på plass. Mange har stått på gjennom ei hektisk veke, og no er me glade for at jobben er vel gjennomført, utan skader på folk eller utstyr. Me takkar entreprenøren for vel utført arbeid, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Tunge løft

Bruseksjonane blei frakta frå verftet i Polen på lekter. Sidespenna kom først, og då det andre sidespennet blei montert, klappa hovudspennet til kai i Sogndal. Kranskipet «HLV Uglen» handterte dei tunge løfta med stor presisjon. Skipet er Noreg si største flytekran, og dei tyngst løfta på rundt 430 tonn låg godt innafor dei 800 tonna som er skipet sin maksimale løftekapasitet.

Løftet av hovudspennet skjedde laurdag føremiddag, og folk i Sogndal gjekk mann av huse for å få med seg den historiske hendinga.

194 meter

Nye Loftesnesbrui er av typen nettverksbogebru og er 194 meter lang. Brua tek med seg element av boga frå den gamle brua frå 1958, men vert mykje meir oversiktleg. Ny bru er mykje breiare og med eiget felt for gåande og syklande. Køyrebana blir mykje flatare enn dagens bru, som har stor høgdeforskjell inn mot midten.

Entreprenør på prosjektet er arbeidsfellesskapet «Loftesnesbrui Porr Aurstad ANS», der K.A. Aurstad står for masseforflytting og vegbygging medan Porr står for brudelen med betongarbeid og stål.

Trafikk i desember

At brua blir heist på plass, betyr ikkje at den er klar for trafikk. Ståldelane er som eit «skal» som må fyllast med innhald, mellom anna er det eit svært støypearbeid som no skal gjerast. Trafikken kjem på først i desember.

Etter det skal den gamle brua frå 1958 rivast, og området pyntast før prosjektet er ferdig sommaren 2018.