Torsdag 24. september var det tilbodsopning på Loftesnesbrui ved regionvegkontoret på Leikanger. Sju entreprenørfirma leverte inn tilbod, og Statens vegvesen vil no kontrollrekne tilboda.

- Eg er nøgd med responsen i marknaden, for sju tilbod gjer at det er god konkurranse om å få byggje Loftesnesbrui. Prisnivået var jamt blant dei to billegaste, med berre ein halv million i skilnad, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Spenn på 55 millionar

Her er lista over tilboda som kom inn, i kroner u/moms:

  • Bilfinger og K.A. Aurstad   238.431.622,36
  • NCC Construction             238.982.248
  • Implenia                           256.448.527
  • Contexo                           256.920.720,41
  • Skanska                          258.826.227,69
  • Metrostav og HAG anlegg  259.825.144
  • Christie & Opsahl              293.607.487

Stor interesse

Under tilbodskonferansen i Sogndal midt i august møtte heile 19 representantar frå entreprenørbransjen fram, og dei fekk ei grundig orientering på prosjektkontoret om stål-, betong og grunnarbeidet som prosjektet består av. Etterpå var det synfaring over brua og på landområda der arbeidet skal gjerast.

Prosjektleiar Gunnar Solbakken har heilt fram til innleveringsfristen handtert tekniske spørsmål frå entreprenørane som har rekna på anbodet.

- Det har vore god interesse for prosjektet heilt sidan anbodsdokumenta vart lagt ut på nett, og veldig mange har lasta ned dokumenta som beskriv korleis arbeidet skal utførast, seier Solbakken.