Sogndal kommune vedtok reguleringsplanen for riksveg 5 Loftesnesbrui 10. juni 2010.

Planområdet for reguleringsplanen er frå Loftesnes hytter og ut til avkøyrsla til Sogndal Folkehøgskule. Målet med planarbeidet er å regulere vegareal for ein trafikksikker veg over Loftesnessundet. Dagens bru har ikkje god nok løysing for gåande og syklande. Planen viser også ny bru, gang- og sykkelveg,  kryss og avkøyrsler.