Rv. 5 frå Loftesnes til Kaupanger har parti med nedsett fartsgrense og parti med sterk stigning og dårleg kurvatur. Målet med planarbeidet er å avklare ein trase for ny rv. 5 som stettar dagens krav til ein viktig hovudveg. Statens vegvesen vil da ha eit grunnlag og kostnadsoverslag for vidare planlegging, og Sogndal kommune har ein vegtrase som de kan ta omsyn til i vidare planlegging av areala i planområdet. Plangrense:

Plangrense rv. 5 Loftesnes-Kaupanger
 

Målet er å ha ein godkjent kommunedelplan våren 2020. Det ligg ikkje inne midlar til bygging av ny veg i gjeldande Nasjonal Transportplan 2017-2029.

Konsekvensutgreiing

I samband med planarbeidet skal det, i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger, gjennomførast ei konsekvensutgreiing for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte. Eit utkast til planprogram ligg ute til offentleg ettersyn frå 17. desember 2018 til 5. februar 2019.

Informasjonsmøte

Sogndal kommune og Statens vegvesen arranger eit ope informasjonsmøte om arbeidet med kommunedelplan rv. 5 Loftesnes–Kaupanger på Vesterland tysdag 22. januar kl. 18.00.

Innspel til arbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til oss innan 5. februar 2019. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Kontakt

Om de har spørsmål om planarbeidet kan de kontakte: