Føremålet er å betre trafikktryggleiken på den 2,6 km lange strekninga ved å utvide eksisterande veg til totalt 7,5 meters breidde. Då får ein plass til forsterka midtoppmerking, breiare vegbane og skulder. Vegbreidda i dag på strekninga varierer mellom 5 og 6,5 meter. Det vert gjort tiltak for å utbetre sikt i nokre avkøyrsler, elles vert avkøyrslene som i dag.

Rv5 Nedre Eri-Habakken_illustrasjonFoto: Magna Fondenes Vangsnes