Føremålet med planen er å betre trafikktryggleiken på strekninga. Dagens køyreveg vert utvida til 7,5 meter og det vert plass til forsterka midtoppmerking.  Vegen fyl same trase som i dag.

Kvar er planen tilgjengeleg?

Du kan lasta ned dokumenta frå spalta til høgre på denne sida. 

Planutkastet er og tilgjengeleg på rådhuset i Lærdal, eller du kan få det tilsendt ved å ta kontakt med Statens vegvesen.

Frist

Frist til å komme med ev. merknader til planen er 28. mars.

Send merknadene skriftleg til firmapost-vest@vegvesen.no eller til:

     Statens vegvesen Region vest
     Postboks 43, 6861 Leikanger.

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.

Ope møte

Statens vegvesen arrangerer ope møte for å informere meir om forslaget til reguleringsplanen og svare på spørsmål, onsdag 6.mars kl. 19.00, på Rådhuset.

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom de har spørsmål eller ønskjer å få tilsendt reguleringsplanen, kan de kontakte:

     Magna Fondenes Vangsnes, Statens vegvesen
     Telefon 576 55 853 eller e-post.

     Monica Lysne, Lærdal kommune
     Telefon 905 16 686 eller e-post.