Fristen for å komma med tilbakemeldingar på reguleringsplanen for rv. 5 mellom Håbakken og Nedre Eri har gått ut, og Statens vegvesen er no ferdig med å handsama dei mottekne merknadane frå Lærdal kommune, Lærdal Bondelag og Riksantikvaren. Reguleringsplanen er denne veka send vidare til Lærdal kommune for slutthandsaming.

Du kan lasta ned planomtalen, reguleringsføresegnene og plankartet frå menyen til høgre.

Tiltak mot hjortepåkøyrsler 

Tiltak mot hjortepåkøyrsler kan gjennomførast innanfor rammene som reguleringsplanen gir. Det vert jobba med planlegging og finansiering av hjortetiltak som eit eige prosjekt, med målsetting om å gjennomføra breiddeutviding og hjortetiltak samstundes. Det har vore møte med Lærdal kommune for å avklare type tiltak og korleis ein eventuelt kan gjennomføra dette.

Krav om arkeologisk utgraving

Riksantikvaren har sett krav om utgraving av tre lokalitetar før bygging, på strekninga mellom Håbakken og Nedre Eri. Stipulerte kostnadar for dei arkeologiske undersøkingane er svært høge, og det kan difor vere aktuelt å gjennomføre ei forundersøking av Eri kyrkjestad i 2019. Det vil gje betre grunnlag for å vurdere kostnadar med ei eventuel utgraving, før ein startar byggjeprosjektet.

Den delen av prosjektet som ligg nord for profil 1080 (Nedre Eri) kan byggjast utan at det er krav om utgravingar.