I dag er riksveg 9 Besteland–Helle i Valle kommune utan gul midtstripe og har gjennomgåande låg standard. Prosjektet er ein del av satsinga i konseptet «Gul stripe til Hovden», der vegstandarden blir utbygd til 7,5 meter breidde veg, som gir ein langt meir trafikksikker og framkommeleg veg. Det er behov for økt vegstandard fordi det er registrert auka trafikkmengd, årsdøgntrafikk (ÅDT), på strekninga Kristiansand–Hovden. Det er per i dag ein ÅDT på 1300, med 12 % tunge køyretøy på strekninga Besteland–Helle, der det har vore fleire alvorlege ulykker. Området er prega av randbusetnad med mange avkøyrslar, som opnar for konfliktpunkt mellom ulike typar trafikk.

Det er derfor viktig å utbetre strekningen Besteland–Helle, med tanke på trafikksikkerhet og god framkommeleg veg.

Rv. 9 Besteland–Helle