Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Føremålet med planarbeidet er å få en trygg og effektiv rv. 9. Dette består i å auke trafikksikkerheit, få god trafikkavvikling, redusere reisetid og redusere ulykkesfrekvens.

Planlagde reguleringsføremål er:

  • Bygningar og anlegg med underinndeling bygningar og anlegg, forsamlingslokale, uteopphaldsareal og massedeponi/L.,
  • Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur med underinndeling køyreveg, annan veggrunn – tekniske anlegg og kollektivhaldeplass,
  • Landbruks-, natur- og friluftsføremål samt reindrift med underinndeling LNFR areal, landbruksføremål og spreidd utbygging av bustader,
  • Bruk av og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og
  • Omsynssoner med underinndeling Flaumfare og høgspentanlegg.

Fylgjer reguleringa får for området: Gjennomføring av planen vil gjere riksvegen gjennom området meir framkommeleg og gje betre tryggleik for ferdsel. Den gamle riksvegen gjennom området vil bli nedklassifisert til kommunal veg og anna vegareal (driftsveg). Det er naudsynt med eit omfattande grunnerverv av dyrka mark og skogsmark og det må og ervervast eit gardstun med bygningar, 2 bustader samt nokre andre uthus.

Plandokument

Planen i målestokk 1:1000 med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på:

  • www.valle.kommune.no og
  • Velkomstsenteret i Valle kommune, Kommunehuset, Kjellebergsvegen nr. 1, 4747 Valle. Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget. 

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet rettast før 31. januar 2019 til:

Merknader merkes med «Detaljregulering for rv. 9 Besteland-Helle».

Informasjonsmøte

Det haldas ope informasjonsmøte i Treungen grendehus onsdag 9. januar kl. 18.00–20.00. Representantar frå Statens vegvesen vil same dag også vere tilgjengeleg her mellom kl. 11.00 og 17.00.

Kontakt

Sakshandsamer svarer gjerne på spørsmål: