Formålet med planarbeidet er å byggje ny rv. 9 mellom Rotemo og Lunden med bredde på 7,5 meter, gul midtstripe og fartsgrense på 80 km/t. Planlegginga byggjer på nasjonale mål for transportpolitikken, slik det mellom anna er nedfelt i Stortingsmeldinga om ny Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023 (Meld. St. 26).

I samband med reguleringsplanarbeidet skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing (KU) for temaa kulturarv og landskapsbilete.

Planprogram

Planprogrammet som ligg til grunn for arbeidet, er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 15.02–29.03.2019. Samstundes varslast det om oppstart av reguleringsplanarbeidet på rv. 9 Rotemo–Lunden på den korridoren som er anbefalt i planprogrammet. Planprogrammet med vedlegg er tilgjengelege:

Informasjonsmøte

Vi innbyr til eit ope informasjonsmøte på kommunehuset i Valle tysdag 5. mars 2019 kl. 18.00. Representantar frå Valle kommune og Statens vegvesen vil vere til stades.

Innspel

Innspel til planarbeidet må sendast skriftleg innan 29. mars 2019 til:

Kontakt

For meir informasjon ta kontakt med:

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 12-3.