Det er utarbeid eit planprogram med siling av 5 ulike korridorar. I planprogrammet er det anbefalt ein korridor, som Statens vegvesen vil arbeide vidare med i reguleringsplanen. Korridoren er vald ut på bakgrunn av ei rekke faglege vurderingar, som er utdjupa i planprogrammet. Blågrøn korridor er den korridoren vi ynskjer å jobbe vidare med i reguleringsplanen.

Planprogrammet leggjast ut på høyring i perioden 15. februar–29. mars 2019. I denne perioden er det mogleg å kome med innspel til planprogrammet.