Hardangerbrua er ei tofelts hengebru med gang og sykkelveg. Brua har eit hovudspenn på 1310 meter og ei totallengde på 1380 meter. Bru-tårna har ei høgde på 200 meter over fjorden. Seglingshøgda er 55 meter.

 

Bygging av brutårn tok til 7. oktober 2009 og var ferdig i mai 2011. Produksjon av kabeltråd tok til på fabrikk ved Bridon ltd. i England i oktober 2009. Byggestart for produksjon av stålkasse ved ZMPC i Shanghai var mars 2010. Arbeidsplattformen for kabel-arbeid (catwalk) var ferdig i september 2011. I novemner tok kabelspinninga til.

Mengder

Stålet i Hardangerbrua veg totalt 15.000 tonn. Det meste av dette er stålkassen – køyrebana – som utgjer 7.850 tonn, samt bærekablane, som veg 7.500 tonn.

Ferdig bygt har brua tilsaman 22.400 kubikkmeter betong. Av dette er 13.000 kubikk i brutårna, medan resten er i bruforankringa og tunnelportalar.