Rasteplassen til brua har hatt godt besøk i første delen av sommaren. Turistane kjem i bil, bubil og turistbuss. Turistane brukar rasteplassen og servicebygget. Men ikkje minst skal dei fram til utsiktspunktet på rasteplassen for å sjå på Hardangerbrua og ta bilete av brua og fjordlandskapet.

Gangveg over brua

Dei som tek seg tid til ein lengre stopp kan la bilen stå og bruka gang- og sykkelvegen til å kryssa brua. Rasteplassen, med parkering, ligg på Bu, på sørsida av fjorden. Og i Vallavik – på nordsida av fjorden, er det ein romsleg snuplass for bussar. For turbussane gir dette høve til å setja passasjerane av bussen på eine sida av fjorden og plukka dei opp på andre sida, etter ei vandring over brua.

Restarbeid

Det pågår spyling og maling under Hardangerbrua fram til 15. august. Dermed er det stundom anleggsbilar og maskiner på ein liten del av gang- og sykkelvegen. Men dette skal ikkje vera til hinder for syklistar og turvandrarar over brua.