E16 Filefjell går frå Øye i Valdres til Borlaug i Lærdal. Prosjektet går ut på ombygging til riksvegstandard, dels langs eksisterande veg, og dels i ny trase. Så langt er delstrekningane Eidsbru-Varpe, Smedalsosen-Borlaug og Varpe Bru-Smedalsosen opna for trafikk.

Arbeidet med å ruste opp E16 på strekninga Øye–Borlaug hadde fram til 2008 vore delt opp i mindre strekningar. For at Statens vegvesen kunne sjå strekninga i  samanheng, og sikre ei mest mogleg effektiv samla utbygging av E16 over Filefjell har Stortinget vedteke å gje prosjektet ein eigen post på statsbudsjettet.

Det overordna målet med vegprosjektet er å betre regulariteten, redusere transportkostnadane, minske risiko for trafikantane og skape ei sikrare og betre transportåre mellom Austlandet og Vestlandet.

Prosjektet har ein utbyggingskostnad på 3,1 milliardar kroner. E16 over Filefjell er planlagt ferdig utbygt i 2018.