Delstrekninga Smedalsosen-Borlaug på E16 Filefjell vart opna hausten 2014.

Totalt er det bygd 11 km ny E16, av dette er 4 km Borlaugstunnelen. Det er bygd 3 bruer på 110 meter 100 meter og 25 meter. Vegen er blitt breiare og svingar er retta ut.

Nede på Borlaug er det bygd nye oppstillingsplassar for kolonne, nytt areal til drift av kolonne/ vintervedlikehald og private vegar og parkeringsplassar.

Arbeidet vart utført av Mesta Entreprenør AS med underentreprenør K.A. Aurstad AS.