I tillegg til å utbetre hovudvegen inneheld avtalen til saman ein kilometer lokalveg og avkøyrsler. Det skal byggast to nye bruer; Seltun bru blir 59 meter lang, og den nye brua over Jutlaelvi ca sju meter lang. Det skal også byggast to skredvollar, ein stor ved Sausgjelet mot snø, og ein litt mindre ved Bjørkum mot steinsprang.

Standard
Vegen vil få ei breidde på 8,5 meter.

Trafikkmengde
Forventa trafikkmengde i år 2031 er 2300 køyretøy i årsdøgntrafikk (ÅDT).

Masseoverskot
60 000 kbm fjell og 120 000 kbm lausmassar vil bli teke ut. Sprengsteinen vil bli brukt på anlegget. 50 000 kbm av lausmassane skal bli grunnlag for eit nytt næringsareal på Håbakken i regi av Lærdal kommune.