Vedtaket betyr at E16 skal følgje ny trasé på heile strekninga frå Tønjum til Stuvane. Ny veg skal gå langs elva frå Tønjum og krysse elva på ny bru ved Lunde. Frå Lunde blir vegen lagt i tunnel til Stuvane, der den nye traseen møter noverande veg.

I planarbeidet var strekninga mellom Tønjum og Stuvane delt inn i fleire delområde, med fleire alternativ innafor kvart delområde. Det gav mange aktuelle kombinasjonar (K1-K8). I vedteken kommunedelplan er K8 lagt til grunn. Det vil seie kombinasjonen av delalternativa A5, B5, C7 og D4. (I brevet frå Miljøverndepartementet er også A4 nemnt som ein del av vedteken trasé , noko som i ettertid er stadfesta ikkje å vere rett.)

Motsegn avvist

Det låg føre motsegn frå Statens vegvesen på det alternativet kommunestyret i Lærdal gjorde vedtak om. Saka vart difor send til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.  Statens vegvesen gjekk mot å legge E16 i tunnel, og grunngav dette med at kostnadene til bygging og drift av tunnel blir for høge til å vege opp ulempene ved bygging av ny veg i dagen. Departementet har valt å ikkje ta omsyn til motsegna frå Statens vegvesen. Dei meiner at lang tunnel kan forsvarast ut frå lokale ønskje og omsyn til sikkerheit, jordvern og kultur-/naturmiljø i dalen.