Det gjer iallfall Statens vegvesen når ein skal finna ut strategien for legging av store steinmassar i Endelausmarka for bygging av E39 Svegatjørn–Rådal mellom Bergen og Os. Her skal det bli næringspark for Os kommune, med framfor alt ny europaveg over våtmark og gjennom skogsterreng.

Høver i myr

Geo-radar har ikkje vore brukt mykje ved vegbygging i Hordaland. Det er seismikk som er mest vanleg ved grunnundersøkingar i fast grunn i Statens vegvesen. Men radaren er ein enkel metode som høver godt for kartlegging av blaute massar, stadfestar geolog Geir Bertelsen i Statens vegvesen. Radaren er nok ein meir usikker metode i faste massar, til dømes morene, legg han til.

Lett utstyr

Geo-radaren er lettare å ta med seg i område der det ikkje er tilkomst for bil. Den kan flyttast som ei vogn med hjul, som du dreg etter deg. Det er alltid minst to mann som opererer radaren ute i terrenget.

Radaren er utstyrt med radioesendar og –mottakar, med antenne inne i vognkassen. Radaren målar forplantingstida opp og ned i terrenget. Presisjonen på måling med georadar er betre enn 10 cm., medan det for GPS-måling er vanleg med 10 meters margin.

Bruken av radaren på E39-prosjektet vil vonleg bidra til betre svar på kor mykje lausmassar som må fjernast i Endelausmarka før ein kan leggja ut steindeponi i dei ulike delane av marka.