Regionvegsjef Helge Eidsnes peikte på at planlegginga har pågått i 54 år, då han helsa velkomen statssekretær, fylkesordførar, ordførarene i Os og Bergen og entreprenør Implenia, som skal ta til med jobben vidare i september.

Mykje arbeid

Statssekretær Tom Cato Karlsen sa at ny E39 Svegatjørn–Rådal blir ein viktig del av den framtidige hovudvegen langs Vestlandet. For trafikantar og næringsliv er det på høg tid at det no blir sett i gang bygging av denne vegen, som vil halvere reisetida mellom Bergen og Os.

- I ei tid med nye permitteringar på Vestlandet er det verd å merke seg at dette prosjektet vil føre til 6–800 nye årsverk kvart år gjennom byggeperioden på seks år, slo Karlsen fast.

Glad ordførar

Ein bunadskledd Os-ordførar Terje Søviknes hadde gledd seg som ein gutunge til denne dagen. I dag er alle kampane og omkampane om prosjektet gløymde. Han viste ikkje minst til at prosjektet løyser ut Lyseparken næringsområde, som det er sett store voner til. Han takka også tidlegare regionvegsjef Ole Christian Torpp, som brakte dei to kommunane og fylkeskommunen saman for å semjast om den løysinga som til slutt blei vedteken, og no skal byggast.

Markeringa skjedde på Gamle Osbanen, ein travel sykkelveg mellom Rådal og Fanabygda. Syklistane passerte elegant forbi festlyden og prosjekt-mannskap frå Statens vegvesen.

 

Første spadestikk for E39 Svegatjørn-Rådal, 3.9.15Statssekretær Tom Cato Karlsen med første «masseflytting» På E39 Svegatjørn–Rådal. F.h. regionvegsjef Helge Eidsnes, leiar i samferdsleutvalet i fylket, Gustav Bahus, ordførar Terje Søviknes i Os, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og fung. ordførar Tor A.Woldseth, Bergen. (Foto: Geir Brekke)

00095153_SpadetakMarkeringa skjeddde nøyaktig der nyevegen vil kome ut av Lyshorntunnelen frå høgre og halde fram i eit stort kryssområde mot venstre på marka. Gamle Osbanen vil bli løfta opp på ei ny gang- og sykkelvegbru over motorvegen. (Foto: Geir Brekke)