Tilbodskonkurransen om rehabilitering av gamle murar på Kongevegen vart vunnen av entrprenør Geirr Vetti i Årdal, kjent frå fleire store murprosjekt med sherpaer i Noreg dei siste åra. Mellom anna har sherpaene jobba med Stoltzekleiven i Bergen, stien opp til Fannaråken i Vest-Jotunheimen og stien til Preikestolen i Rogaland.

Sidan midten av mai har dei sterke og uthaldande karane frå Nepal jobba med å setje opp att nedfalne murar på Kongevegen gjennom Galdane og Vindhella i Lærdal. Strekk tiden til i sommar, vil dei også mure stikkrenner på Kongevegen mellom Maristova og Kyrkjestølen.

Kursing først

Før arbeidet kunne ta til, måtte sherpaene gjennomgå eit kurs i gamal muringsteknikk, der også andre interesserte slapp til. Kursdeltakarane fekk instruksjon i korleis muring av vegar vart gjort på slutten av 1700-talet, då Kongevegen over Filefjell vart bygd. Kursleiarane var blandt noregs mest etablerte fagfolk innan historisk tørrmuring: Haakon Aase frå Lindås i Hordaland, Espen Marthinsen frå Nittedal og Berit Bruvik frå Meland. I overkant av 20 personar deltok på kurset, og det var folk frå mellom anna vegvesenet og lokale handverkarar frå Vang og Lærdal. Arbeidet fekk mediedekning, mellom anna i NRK Vestlandsrevyen.

Effektive

- Sherpaene har no jobba i rundt fire veker på Kongevegen, og dei er svært effektive. Mykje arbeid er no utført på strekninga gjennom Galdane, og dei har også rydda ein del stein som hadde rast ned frå fjellet på strekninga, seier planleggingsleiar Jan Adriansen.

I Galdane skal sherpaene også rehabilitere ein nær seks meter høg steinmur og to brukar i stein der Kongevegen kryssar elva Store Sokni. Men der er det no for stor vassføring til å mure.

- Arbeidet i Sokni vil starte så snart snøsmeltinga byrjar å gi seg, og då er det ein stor jobb å gjere i det området, seier Adriansen.

Stoppar forfall

Medan sherpaene venter på betre arbeidsforhold ved Sokni, har dei mellom anna byrja å mure nedst på Vindhellavegen. I tillegg har dei har rehabilitert eit lite murasel (steinhytte) ved Honingane nedanfor Maristova, men det frå ein annan pott med prosjektmidler til Kongevegen.

Rundt 15 millionar kroner er sett av for å stoppe forfallet på Kongevegen dei næraste åra. Strekningane gjennom Galdane, Vindhella og mellom Maristova og Kyrkjestølen skal rustast opp og leggjast til rette for vidare bruk. Arbeidet blir leia av Statens vegvesen.