– Vi skal sprenge, rydde vekk stein og lufte ut tunnelen før vi kan opne for trafikk igjen. Det kan ta omlag to timar frå vi stenger heilt til bilane kan køyre gjennom, fortel prosjektleiar Rune Sandven.

Bømlafjordtunnelen stenger klokka 20:00 seks kvelder i veka, unntatt laurdag kveld. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring fram til klokka 23:00 og mellom klokka 05:00 - 06:00.

– Ledebil køyrer fram og tilbake med bilar i kolonne. Det blir cirka ein halv time mellom kvar kolonne i desse timane, seier Sandven.

Den lange ventetida på kolonnekøyring skjer altså i timane mellom klokka 23:00 og 05:00. 

– Vi planleggjer å køyra kolonner med om lag to timars mellomrom. Vi kan diverre ikkje garantera at kolonnene vil køyra på eksakte tider. Sjølv om vi tar alle forholdsregler med omsyn til sprenging og sikkerheit, kan det skje uforutsette ting, fortel Sandven.

Bli varsla på sms ved stenging

Statens vegvesen oppmodar folk til å melde seg på sms-varsling viss dei køyrer i Bømlafjordtunnelen om natta.

– Vi sender sms cirka 30 minutt før kvar sprenging. Då veit folk at tunnelen stenger dei neste timane og kan planlegge reisa si betre. Vi veit at dette blir ei utfordring for dei som køyrer om nettene, men sikkerheita for arbeidarane og trafikantane kjem alltid først, fortel Sandven.

Sprengingarbeidet er nødvendig for å lage plass til nye tekniske bygg i tunnelen. Arbeidet pågår fram mot byrjinga av mai. Frå mai og fram mot sommarferien skal dei nye nisjene sikrast mot vatn- og frost.

Skal oppgradere sikkerheitsutstyret i tunnelen

Til hausten startar ei omfattande oppgradering av sikkerheitsutstyret i tunnelen. Arbeidet skal vere ferdig våren 2017.
Når Bømlafjordtunnelen er ferdig oppgradert skal dette vere på plass:

• nye lys i tunneltaket
• ny ventilasjon
• kamera- og radarovervåking
• nye naudstasjonar med brannapparat og telefon
• nye evakueringslys
• nye tekniske bygg med transformatorar. Fire inne i tunnelen og to utanfor
• fjernstyrte infotavler på tilførselsvegane

SMS ved sprenging

Du kan få sms, som blir sendt ut cirka 30 minutt før kvar sprenging.
Send BØMLAFJORDTUNNELEN til 1963 for å starte abonnementet.
Send BØMLAFJORDTUNNELEN STOPP til 1963 for å stoppe abonnementet.
Tenesta koster 1 kr pr. sms.

For trafikkinformasjon, sjå vegvesen.no eller ring telefonnummer 175.