Samferdsledepartementet la den 3. april 2009 i St.prp.nr 61 (2008–2009) fram forslag om delvis bompengefinansiering av Vossapakko.

Prosjektet har ein utbyggingskostnad på 1130 mill.kr (09-kr); 600 mill.kr skal finansierast med bompengar og 530 med statlege midlar. To bomstasjonar er sett opp; ein på riksveg 13 nær kommunegrensa Voss/ Granvin, og ein på E16 nær grensa mellom Voss og Vaksdal. Bomstasjonane vart sett i drift 8. desember 2010. Innkrevjing med Autopass.

Stortinget vedtok utbygging av Vossapakko den 2. juni 2009.; jfr Inst.S.nr.233 (2008–2009). Det vart lagt til grunn anleggsstart på rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense og rv. 13 Palmafoss–Mønshaug hausten 2009. Desse to delprosjekta i "pakko" opna 20. desember 2011. Delprosjektet E16 Vangstunnelen (Tunnel bak Vossevangen) opna i desember 2013.

I den opprinnelege Vossapakko var det og sett av midlar til tiltak i Skjervet, der Turistvegprosjektet har lagt planane. Det var elles sett av midlar til tiltak i Voss sentrum, noko Voss kommune og Vegvesenet samarbeider om. 

I mai 2014 vart det vedtatt at Vossapakko kunne utvidast med rv. 13 Jobergtunnelen ved Granvinsvatnet.

På oversiktskartet er også avmerka eit prosjekt i tillegg - Enconkrysset. Dette er ikkje ein del av Vossapakko, og vert finansiert med statlege midlar. Prosjektet har berre praktisk tilknyting og vert gjennomført av Vossapakko sin prosjektorganisasjon.