For tiltak i Voss sentrum pågår arbeidet med byggeplan for Hestavangen-Holbergsplass. Endeleg prioritering er ikkje avklara.

E16-krysset på Stanghelle
-Vi ligg litt etter programmet, seier byggeleiar Eirik Røthe, så vi planlegg opning av undergangen i slutten av november.
I hovudvegen er alle massar som skulle skiftast ut erstatta, og her står att nokre tilpassingar før siste asfaltlag kan leggast.

Det er spunta på oppsida av vegen der lokalvegen skal kome opp, og her grev dei no ut massar ned til rett vegnivå.

På nedsida grev dei grøfter for drenering, og her har det dukka fram «gamle synder» i form av dumpa bygningsmaterialar og avfall som må fraktast til godkjent deponi.

Turistvegprosjektet i Skjervet
-Her er konkurransegrunnlaget straks klart og vi reknar med utlysing i byrjinga av oktober, opplyser prosjektleiar Lars Magnar Røneid. Da reknar vi med å ha entreprenøren «i boks» før jul.

Jobergtunnelen
Nye kostnadsrekningar gjer at prosjektet nok må til Stortinget ein gong til. Nye standardkrav, meir grunnarbeid og auka marknadskostnader gjer at prisen har auka.

Tidlegare er det planlagt lausmassetunnel bygd med systemet «steel pipe umbrella», ei noko komplisert løysing i eit komplisert terreng (steinur). No vert ei anna løysing vurdert, med opning av heile byggeplassen for å støype ein lang portal. Etterpå vert massane fylt over att, slik som på Myrkdalstunnelen.

Rv. 13 Stolsbrua-Mønshaug
-Vi hadde informasjonsmøte med vegnaboane 11. september, noko som var nyttig for oss alle, seier byggeleiar Helge Giljarhus, som fekk gode innspel.

Stolsbrua skal utvidast med fem meter, så nye fundament må på plass ved sida av dei gamle. Det eine er ferdig støypt.

Prosjektet kom på banen fordi det vart eit såkalla «standardsprang» etter nyvegen mellom Palmafossen og Mønshaug var ferdig. Slike strekningar med brått smalare veg kan føre til ulukker. Krysset rett ved brua var dessutan eit ulukkespunkt som trong utbetring.