Strategien skal bidra til å føre vidare Statens vegvesen sitt tradisjonsrike arbeid med god kvalitet og utforming. Han inneber ikkje nye oppgåver, men ei betre og meir systematisert oppfølging av ansvar etaten allereie har. Arkitekturstrategien legg vekt på å fremme god arkitektur gjennom samhandling og felles forståing.

Statens vegvesen har rundt 110 landskapsarkitektar og arkitektar som sørger for den arkitektoniske kvaliteten på veganlegga i samarbeid med andre fagfolk. Veganlegga skal vere gode omgivnadar som gir folk ei trygg og positiv oppleving i kvardagen.

For meir informasjon kontakt Maja Cimmerbeck eller Alf Anders Langhelle.