Føremålet med vegnormalutvalet

Vegnormalutvalet er ei gruppe med representantar frå ulike sentrale interessentar som er knytt til Statens vegvesen sitt arbeid med å utarbeide og vidareutvikle vegnormalane. Utvalet er fyrst og fremst ein arena for informasjonsformidling frå Vegdirektoratet, for å sikre at representantane er godt opplyste om pågåande utviklingsarbeid for vegnormalane. Denne informasjonsflyten skal sikre at representantane kan handle inn mot vegnormalarbeidet til riktig tid. I neste omgang skal dette gjere at viktige interesser vert teke best mogeleg omsyn til i arbeidet med vegnormalane.

Kva drøftar vegnormalutvalet?

I Vegnormalutvalget vert ulike tema knytt til utviklinga av vegnormalane tekne opp. Det er også rom for at andre saker som har betydning for deltakarane i utvalet, vert tekne opp på møta. Dette gjeld særleg når desse har grensesnitt mot vegnormalane. Til dømes kan slike saker vere endringar i lover og forskrifter, som regulerer korleis vegnormalane verkar.

I arbeidet med å utvikle dei enkelte normalar er det i enkelte samanhengar tenleg å arrangere arbeidsverkstadar. For slike verkstadar vil vegnormalutvalet sine deltakarar også verte inviterte. Representantane i Vegnormalutvalet vil vere godt eigna for å gje innspel om korleis vegnormalane fungerer og kva kvar det er potensiale for å endre på regelverket for å oppnå betre løysingar for samfunnet.

Vegnormalutvalet skal også gje innspel til Vegdirektoratet

Vegnormalutvalet er fyrst og fremst ein arena for informasjonsformidling frå Vegdirektoratet. Samtidig skal deltakarane i utvalet gjevast moglegheit for å komme med spørsmål og tilbakemeldingar, som foreløpige innspel til og vurderingar av pågåande vegnormalarbeidet. Slike tilbakemeldingar er viktige for at Vegdirektoratet skal vere godt i stand til å utvikle vegnormalane på ein slik måte at dei gjev det beste resultatet for samfunnet som heilskap. Vegdirektoratet pliktar å svare ut dei spørsmål og tilbakemeldingar som kjem, anten direkte i utvalsmøte eller skrifteleg i etterkant.

Gjennom vegnormalutvalet skal deltakarane ha ein fast arena og kontaktpunkt for å komme i kontakt med Statens vegvesen. Vegdirektoratet plikter difor også å vidareformidle spørsmål og innspel frå deltakarane om andre tema enn vegnormalane, til dei einingane i Statens vegvesen som er rette adressat for desse.

Vegnormalutvalet erstattar ikkje, men supplerer, ordinære innspelsmogelegheitar

Vegnormalutvalet erstattar ikkje ordinære mogelegheiter for å komme med innspel til vegnormalane, som offentlege høyringar. Vidare vil førebelse innspel gitt i vegnormalutvalet ikkje ta frå deltakarane der, moglegheita til å gjere nye og endra vurderingar når høyringar og liknande vert gjennomført.

Møter i vegnormalutvalet

Vegnormalutvalet vert arrangert og leia av Myndigheit og regelverk i Statens vegvesen Vegdirektoratet.

Utvalet har omtrent fire møter per år. Møta vert normalt haldne digitalt via video. Det er eit mål at eit møte per år vert arrangert fysisk, for å legge til rette for nettverksbygging og betre legge til rette for uformell dialog.

Vegdirektoratet fastset agenda til møta. Agendaen skal sendes ut seiast to veker før neste møte. Det er fast punkt på agendaen at det vert gjeve ei kort orientering om pågåande utviklingsarbeid for alle vegnormalane det er arbeid med. Utvalet sine deltakarar oppmodast om å gje innspel til kva som bør settast på agendaen, for å bidra til at sakene som takast opp er relevante.

Det vert skrive referat frå møta i utvalet. Referat vert journalførte og er offentlege.

Deltakarane i vegnormalutvalet er:

Vegnormalutvalet er breitt samansett med ulike aktørar som anten sjølve brukar vegnormalane eller representerer grupper som må forhalda seg til konsekvensane av vegnormalane.

Per tid er disse organisasjonane deltakande i vegnormalutvalet:

Interesseorganisasjonar:

  • Entreprenørforeningen – bygg og anlegg
  • KS
  • Maskinentreprenørenes forbund
  • Naturvernforbundet
  • Norges Automobil-forbund
  • Norges bondelag
  • Norges Lastebileier-forbund
  • Opplysningsrådet for vegtrafikken
  • Rådgivende Ingeniørers Forening
  • Syklistenes Landsforbund
  • Trygg Trafikk

Statlege einingar:

  • Helsedirektoratet
  • Nye veier AS
  • Statens vegvesen Drift og vedlikehald
  • Statens vegvesen Transport og samfunn
  • Statens vegvesen Utbygging
  • Vegtilsynet

Kommunal sektor:

  • Innlandet fylkeskommune
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Nordland fylkeskommune
  • Oslo kommune
  • Rogaland fylkeskommune
  • Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Trøndelag fylkeskommune
  • Viken fylkeskommune

Viss ein meiner at andre organisasjonar enn desse også burde vore representerte i vegnormalutvalet, kan dette meldast inn til firmapost@vegvesen.no.

Årleg evaluering

Kvart år skal det gjennomførast ei evaluering av Vegnormalutvalet. Evalueringa skal gje systematiske tilbakemeldingar om korleis deltakarane i vegnormalutvalet opplever at utvalet fungerer og korleis utvalet kan forbetrast. Evalueringane skal gjennomførast på ein slik måte at trendar over tid kjem fram.