Strekninga frå riksveg 13 til Bøen manglar tilbod for mjuke trafikantar. 

Gang- og sykkelveg fra Årdalstunet til Bøen skal knyte saman viktige sentrumsfunksjonar i Årdal og trygge skulevegen. Tiltaket knyter saman to eksisterande gang- og sykkelvegar, slik at det blir samanhangande trasé mellom bustadområde, kyrke, skule, barnehage og butikk/knutepunkt. Tiltaket vil føre til auka sikkerheit for gåande og syklande samt betre folkehelse. Det skal byggast ca. 500 meter med gang- og sykkelveg frå riksveg 13 langs fylkesveg 633.

Illustrasjonsbildet Fv. 633 Årdalstunet–BøenIllustrasjonsbilde av fylkesveg 633 Årdalstunet–Bøen Foto: Unni Høivik