Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Vegvesenet lagar breiare vegbane på rv. 5 gjennom Kaupanger ved Sognefjorden.

Jobben er eit såkalla FMO-prosjekt (forsterka midtoppmerking) og finn stad på ei strekning på 1,5 kilometer.

Frå 7 til 8,5 meter

– Rv5 har ikkje like stor breidde overalt, og dette skal vi no harmonisere, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad.

Vegen blir gjennomsnittlig trafikkert av 5.000 kjøretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).

Vegen blir no utvida frå 7 til 8,5 meters breidd. Dette må til for å etablere rumlefelt på gulstripa og kvitstripa.

Ein plass er det også sprengt vekk delar av ei skjering for å rette ut noko av ein kraftig sving.

Byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad ved riksveg 5 ved Kaupanger. 

Fleire ting blir gjort

– I samband med arbeidet vert det etablert gang- og sykkelveg, nye busslommer og forbikøyringsfelt i samband med etablering av Vitemeir-senteret på Kaupanger.

I tillegg blir det intensivbelysning ved avkøyringa til Shell og idrettsanlegget, og det blir avkøyring til industrifeltet. Ein del gatelys vert skfita ut med LEDlamper.

Det var ni tilbydarar til jobben. Kveen AS frå Stryn vann anbodet, og kontrakten deira med Vegvesenet har ein verdi på 14,7 millionar.

– Arbeidet starta i september, og har sluttfrist i juni Det er viktig å få vegen ferdig til sommetrafikken startar, seier Engebø og Horstad.

I denne svingen er det sprengt vekk delar av ei skjering for å kunne rette ut vegen noko.
I denne svingen er det sprengt vekk delar av ei skjering for å kunne rette ut vegen noko. Foto: Lars Olve Hesjedal