Tilbodet er no opna. Alle tilboda er ekskl. mva.

TilbydarTilbodssum ekskl. mva:
AG Tunnel AS

24.501.240,00

BMO Tunnelsikring AS27.558.550,00
Mesta AS

29.603.141,65

NCC Norge AS

31.420.441,00

Hylland AS33.421.380,00

– Vi er godt nøgde med deltakinga i konkurransen. Det er store og seriøse tilbydarar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med den nye entreprenøren før sommarferien, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

Vedlikehaldsarbeida startar kort tid etter signering, og skal vera ferdige innan året er omme.

Vågstunnelen på riksveg 13 i Indre Ryfylke skal vedlikehaldast.Vågstunnelen på riksveg 13 i Indre Ryfylke skal vedlikehaldast.

Totalt 580 tunnelar

Statens vegvesen har eit strengt inspeksjons- og vedlikehaldsregime for alle våre 580 tunnelar. Dette pågår kontinuerleg gjennom heile året.

Den konkrete jobben det er snakk om i dette tilhøvet, er berre ein liten del av det totale, omfattande og viktige arbeidet vi gjer med våre tunnelar for å sikra trafikktryggleiken og framkomelegheita for dei reisande.

Bogatunnelen på E16 på Vaksdal mellom Bergen og Voss skal vedlikehaldast.Bogatunnelen på E16 på Vaksdal mellom Bergen og Voss skal vedlikehaldast.

Dette skal gjerast

På E16 er det Boga- og Jamnatunnelen på Vaksdal mellom Bergen og Voss som skal vedlikehaldast som ein del av oppdraget som no har vore ute på tilbodsrunde.

– Det vi konkret skal gjera her, er å demontera og fjerna plater som er i svært dårleg forfatning, renska området for laus stein, montera nye isoleringsmatter og brannsikra desse med sprutbetong, seier Lykkebø.

Mattene isolerer slik at vatnet i fjellet ikkje frys til is og lagar istappar og issvullar i vegen. Vatnet skal i staden renna bak mattene, ned i grøfta og ut av tunnelen.

Det samme skal gjerast på ein av dei fem Riksveg 13-tunnelane som er med i dette tilbodet, nemleg  Gullhammartunnelen i Granvin i Voss herad, ikkje langt frå Hardangerfjorden. I denne tunnelen har det vore store isproblem i vinter.

I samband med at mattene skal brannsikrast med sprutbetong, må det sprengjast. Dette er naudsynt for å oppretthalda stor nok tunnelhøgde.

Dei andre Riksveg 13-tunnelane i dette prosjektet ligg alle i Rogaland, nærare bestemt i Suldal i Indre Ryfylke: Vika-, Vågs-, Hylstunnelen og Suldalsporten.

Her skal entreprenøren fjerna rusta nett i tunneltaka og bergsikra desse områda med sprutbetong og bolting. Også dette arbeidet vil medføra noko sprenging.

Vert stengde på natta

Det vil bli vegstengingar på inntil to timar på natt i samband med alle arbeida. Lykkebø ber trafikantane respektera dette. Stengingane vert gjort på natta då trafikken er minst.

– Vi forstår at tunnelarbeid kan skapa utfordringar for bilistane, men håpar på forståing for at det er naudsynt for at våre vegar skal vera trygge også i framtida. Alt arbeidet vil bli varsla i god tid, og vi oppmodar bilistane om å orientera seg via 175.no før dei skal ut og reisa, seier Lykkebø.