Ved endring av dagleg leiar eller transportleiar har føretaket plikt til å melde frå til løyvemyndigheita om denne endringa jf. yrkestransportforskrifta § 11. Skifte av transportleder eller daglig leder


"Dersom godkjent transportleder eller daglig leder fratrer virksomheten, skal dette meldes løyvemyndigheten snarest og senest innen 28 dager. Løyvene kalles tilbake dersom ikke virksomheten innen 3 måneder etter fratreden kan dokumentere at det er ansatt ny transportleder eller daglig leder som fyller kravene i § 6 og § 8.
Løyvemyndigheten kan i særlige tilfeller forlenge denne fristen".


Ein nyttar skjema til høgre på sida til å melde frå om desse endringane. Hugs å legge ved politiattest og dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon ved endring av transportleiar (utdanning og førerkort eller bestått teoridel for førarkort etter gjeldande krav).


Dokumentasjon på at transportleiar er ansatt i firmaet
Transportleiar skal faktisk og varig leie transportvirksomheita, ha ei reell tilknytning til firmaet og sitt bosted innanfor EØS. Dersom firmaet har ein transportleiar som er ein anna enn dagleg leiar, vil foretaket måtte godtgjere dette ovanfor løyvemyndigheita. Dette gjer ein ved å sende enten kopi av ei arbeidskontrakt eller ein arbeidsbeskrivelse saman med søknadsskjema. Dette må vere signert av både dagleg leiar og transportleiar.


Ferdig utfylt skjema med påkravd dokumentasjon sendes til adressa under.


Statens vegvesen
Region vest
Nasjonal transportløyveseksjon
Postboks 43
6861 Leikanger