Løyvemyndigheit

Statens Vegvesen, Region vest ved Nasjonal transportløyveseksjon er ansvarleg for å tildele fellesskapsløyver for gods- og turvogntransport.


Kvifor har vi løyveordning?

Ordninga med løyve for yrkesmessig person- og godstransport med motorvogn og fartøy er heimla i ”Lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy” med tilhøyrande forskrift. Lova skal bidra til at:

  • Transporten skal skje på ein sikker måte
  • Publikum, kundar og brukara skal få eit godt tilbod, med tilfredsstillande kvalitet og god service
  • Transporten skjer på ein måte som er innanfor regel- og avtaleverk om like konkurransevilkår, bl.a. i tråd med   bestemmelsar i EØS-avtalen.

Løyveplikta inntreff når det utføres gods- og/eller persontransport med motorvogn mot vederlag. Med vederlag meiner ein kvar form for godtgjørsle som følgje av utført transportoppdrag; betaling i form av pengar, naturalytelsar, gjentenestar mv., uavhengig av om vederlaget gir forteneste eller ikkje.
 

Løyvetypar som Nasjonal transportløyveseksjon har ansvaret for:


Fellesskapsløyve for godstransport med motorvogn

Løyve for godstransport med motorvogn gir innehavaren rett til mot vederlag å drive godstransport med motorvogn eller motorvogn med tilhenger med tillatt totalvekt over 3500 kg. Deregulert; alle som fyller gjeldene krav kan få løyve.


Fellesskapsløyve for persontransport med motorvogn utanfor rute (Turvognløyve)

Løyve gir innehavaren rett til mot vederlag å drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for over åtte personer i tillegg til førarsetet (det vil si minst 9 personer + førar). Deregulert, alle som fyller gjeldande krav kan få løyve.


Kva er eit fellesskapsløyve?

Eit fellesskapsløyve er ei godkjenning frå løyvemyndigheita på at du oppfyller krava til å drive transportverksemd med buss eller lastebil innanfor EØS. Eit løyve gir dermed tilgang til for eksempel å køyre godstransport dersom du har søkt om fellesskapsløyve for godstransport. Du må søkje først for å få tildelt løyve. Då får du samtidig utstedt eit eller fleire løyvedokument (attestert kopi) som stadfestar at du har løyve. Fellesskapsløyvet er ei bevilling som gir deg nokon plikter og rettigheiter.

Eit løyvedokument gjelder for transport med motorvogn.  Løyvedokumentet kan ikkje lånast eller leigast ut til andre. Løyvedokumentet (attestert kopi) skal alltid liggje i motorvogna transporten blir gjennomført med.


Kontroll av løyve

Løyvedokumentet skal følgje med i motorvogna når ein køyrer løyvepliktig transport. Den som har løyve, lyt rekne med å bli kontrollert av Statens vegvesen og politiet.
I Noreg er det politiet og Statens vegvesen som etter yrkestransportlova har rett til å kontrollere at løyvet er i orden. Dei utferdar gebyr dersom løyvedokumentet og andre nødvendige kontrolldokumenter ikkje er med under transporten.

Dette må ein vise fram under kontrollen:

  • For alle løyver må ein vise fram løyvedokument for riktig løyvekategori.
  • Køyrer ein buss i rute må ein ha det originale turvognløyvedokumentet og ein kopi av ruteløyvet.
  • Dersom ein ikkje er oppført som eigar eller leigetakar i vognkortet, må ein kunne vise fram ein kopi av leige- eller leasingavtalen. Der skal det stå at ein har disposisjonsrett over bilen.


Kan eg miste løyve?

Dersom du ikkje lenger oppfyller kriteriene for å få løyve eller andre krav til næringsverksemd, kan Nasjonal transportløyveseksjon tilbakekalle løyve. Det vil seie at du mister løyvet og dermed retten til å drive transportverksemd.