For å unngå problem ved ein eventuell kontroll langs veg vil det vere lurt å ha løyvedokument med rett firmanamn.

Transportør som endrar firmanamn, bør sende inn skjema til oss for å melde frå om denne endringa.


Transportør som er innehavar av gamle nasjonale løyvedokument eller gamle internasjonale løyver:
Når løyvemyndigheita mottek skjema for namneendring, vil det innen kort tid skrivast ut følgebrev tilsvarande det antall aktive løyver som er registrert på transportør. Følgebrevet stadfestar denne namneendringa overfor kontrollmyndigheita.


Transportørar som er innehavar av det nye fellesskapsløyvedokumentet:
Når løyvemyndigheita mottek skjema for namneendring, vil det bli utstedt duplikat av hoveddokument med nytt firmanamn, det blir også utstedt likt antall nye kopiar med nytt firmanamn. Dei gamle fellesskapsløyvedokumenta med gamalt namn vil bli satt ugyldige.Vi ber om at desse vert sendt i retur til oss.

 

Adressa som skjemaet kan sendast til er:

Statens vegvesen
Region vest
Nasjonal transportløyveseksjon
Postboks 43
6861 Leikanger