Påkravd dokumentasjon:

  • garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap på kr. 85 000 for det første løyvet og på kr 47 000 for løyver utover dette
  • politiattest på transportleiar og verksemd i original, bestillast hjå politiet
  • attest frå Skatteetaten
  • firmaattest og konkursregisterattest. Løyvemyndigheita hentar ut desse
  • vitnemål for bestått eksamen frå ein av departementets godkjente faglege teoretiske løyveutdanningar
  • dokumentasjon på teoridelen for førarprøven eller kopi av førarkort
    • klasse C1 eller D1 (etter kunnskapsløftet)
    • klasse C, CE og D (etter andre utdanningsløp)
  • dersom transportleiar er ein anna enn dagleg leirar/styreleiar må dokumentasjon på fast og vedvarande tilknyting til verksemda leggjast ved

Dersom søkjaren er eit føretak eller ein annan juridisk person, må den ansvarlege transportleiaren fylle krava til vandel og fagleg kvalifikasjon.

Transportleiar skal faktisk og varig leie transportføretaket, ha ei reell tilknyting til føretaket og sin bustad innanfor EØS. Dersom firmaet har ein transportleiar som er ein anna enn dagleg leiar, vil føretaket måtte godtgjere dette ovanfor løyvemyndigheita. Dette gjer ein ved å sende enten kopi av ei arbeidskontrakt eller ein arbeidsavtale saman med søknadsskjema. Dette må vere signert av både dagleg leiar og transportleiar.

Dersom søkjaren er eit nyoppretta selskap, må også dagleg leiar fylle krava til økonomi og levere attest for skatt, moms. Løyvemyndigheita hentar ut konkursrerattest.

Alle attestar skal vere originalar, vitnemål og førarkort skal vere attesterte kopiar, og ingen skal vere eldre enn 3 månader.

Ver nøye med utfylling av søknadsskjema; les ledeteksten. Ufullstendige søknader (manglande dokumentasjon) blir ikkje handsama før manglande dokumentasjon er mottatt.

Vi gjer oppmerksam på at vi IKKJE ønskjer å få tilsendt politiattest via e-post. Dette på grunn av at e-post ikkje er ein sikker kanal. Uvedkommande kan eventuelt fange opp sensitive opplysningar som kan stå der. Det er eit krav om at løyvemyndigheita skal ha original politiattest. Sakshandsaming av søknad vert ikkje starta før denne er mottatt. Derfor MÅ denne sendast per post.

Skjema for transportløyver

Fullstendig utfylt søknad med attestar og anna påkrevd dokumentasjon skal sendast i si heilheit til:

Statens vegvesen, Region vest
Nasjonal transportløyve
Postboks 43
6861 Leikanger

Når fullstendig søknad er mottatt startar sakshandsaminga.

Ved godkjent søknad vil søkjar få tilsendt eit vedtaksbrev og faktura for betaling av behandlingsgebyr jf. Yrkestransportforskriften § 12 Behandlingsgebyr.

For behandling av søknad om løyve for godstransport og turvognløyve skal søkeren betale et gebyr på 3 800 kroner til den løyvemyndighet som utsteder dokumentet.

For attesterte kopier av løyve for godstransport og turvognløyve skal søkeren betale et behandlingsgebyr på kr 1 120.

Vegdirektoratet kan fastsette behandlingsgebyr for utstedelse av de øvrige tillatelser og kontrolldokumenter for internasjonal transport, herunder kabotasje.

Når innbetaling er registrert, vil løyvemyndigheten utstede løyvedokumenta og sende desse per post til søkjar.

Ved avslag på søknad vil søkjar få tilsendt eit vedtaksbrev om dette per post.

Klage

Vedtak om tildeling av løyve, eller vedtak om avslag på løyvesøknad kan etter forvaltningsloven § 29 påklagast. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtak. Eit vedtak er ikkje endeleg før klagefristen er utløpt og ev. klage er ferdighandsama.