Garantisum i 2017

For 2017 er garantisummen for første løyve kr. 81 000 og for kvart påfølgjande løyve kr. 45 000.

Ny garantisum frå 1. januar 2018

I perioden frå 1. januar til 31. desember 2018 er garantisummen etter avrunding satt til kr. 84 000 for det første løyvet, og kr. 47 000 for dei påfølgjande løyver i kvar løyvekategori.

Vi viser til rundskriv N-1/2018 - Garantisum for 2018 - Oppheving av rundskriv N-1/2017 (PDF)

Viktig

Garantiar utstedt etter 1. januar 2018 skal innehalde nye garantisummer (som over). Dersom ein gjer endring på eksisterande garanti(-ar) på bakgrunn av auke eller reduksjon i 2018, må det vera samsvar mellom tal aktive løyver og garantisum for 2018.

For søknad som er motteken i 2017 men som først vert komplett med all påkrevd dokumentasjon etter 1.1.2018, må garantisum vera etter gjeldande garantisummar for 2018.

Ny garantitekst frå 1. januar 2015

Du kan også laste ned den nye garantiteksta (PDF).

Oppseiing av garanti

Vi vil gjera ein oppmerksam på at det berre er løyvehavar eller garantist som kan seie opp ein garanti. Løyvemyndigheita som tredje part har ingen juridisk rett til å seie opp ein avtale som er inngått mellom to andre partar.

Løyvehavar kan når han måtte ønskje det sei opp ein garanti over for garantist. Garantist er i etterkant forplikta til å straks underrette løyvemyndigheita om dette.

Seier garantist opp garantien skal dette underrettast til løyvehavar og løyvemyndigheita 2 månader i førevegen. Dette betyr at løyvehavar har 2 månader på seg til å skaffa ny garanti.

Det vil ved mottak av oppseiing verta frå løyvemyndigheita sendt ut varsel om tilbakekall av løyver til løyvehavar med frist til å skaffa ny garanti. Overheld ein ikkje denne fristen, vil løyver bli tilbakekalla endeleg.

Vi vil og gjere ein merksam på at dersom ein som løyvehavar sjølv har sagt opp garantien og ikkje har skaffa ny garanti, så tilfredsstiller ein ikkje lenger vilkåra til å drive med løyvepliktig transport.

Informasjon til garantist

Løyvemyndigheit blir: Nasjonal transportløyveseksjon

Org.nr. som skal nyttast: 971032081

Garantidokument skal sendes frå garantist per post eller e-post til adressa under.

Statens vegvesen
Region vest
Nasjonal transportløyveseksjon
Postboks 43
6861 Leikanger

E-post: firmapost-vest@vegvesen.no