Jf. yrkestransportforskrifta § 11 Skifte av transportleder eller daglig leder.

«Dersom godkjent transportleder eller daglig leder fratrer virksomheten, skal dette meldes løyvemyndigheten snarest og senest innen 28 dager. Løyvene kalles tilbake dersom ikke virksomheten innen 3 måneder etter fratreden kan dokumentere at det er ansatt ny transportleder eller daglig leder som fyller kravene i § 6 og § 8.

Løyvemyndigheten kan i særlige tilfeller forlenge denne fristen.»

Ved endring av transportleiar må ein hugse å leggje ved politiattest. Dersom ny transportleiar ikkje administrera løyvetypen selskapet er innehavar av aktivt på endringstidspunktet, må dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon leggjast ved.

Dokumentasjon på at transportleiar er ansatt i firmaet

Transportleiar skal faktisk og varig leie transportverksemda, ha ei reell tilknyting til firmaet og sin bustad innanfor EØS. Dersom firmaet har ein transportleiar som er ein anna enn dagleg leiar, vil foretaket måtte godtgjere dette ovanfor løyvemyndigheita. Dette gjer ein ved å sende enten kopi av ei arbeidskontrakt eller ein arbeidsavtale saman med søknadsskjema. Dette må vere signert av både dagleg leiar og transportleiar.

Skjema for melding om endring av dagleg leiar eller transportleiar finn du under menyvalet skjemaer.

Ferdig utfylt skjema saman med påkrevd dokumentasjon skal sendast til adressa under.

Statens vegvesen, Region vest
Nasjonal transportløyve
Postboks 43
6861 Leikanger